Sjøbad på Grotlesanden.

Grotlesanden, tatt på veg til Veten.
BADEFERIE.

Sjølv om vi ligg heilt ute i havgapet, kan badetemperaturen bli behageleg. Steinstranda ved bustadane nyttar vi gjerne sjølve, men Bontelabo i Holmebakkane har finare strand.

Bading i Fjæresteinane.
Vil du oppleva fin badestrand må du leggja ein tur til Grotlesanden. Det er ei av dei finaste strendene i Sogn og Fjordane. Har både dusj og toalett lett tilgjengeleg på stranda.


Grotlesanden