FISKE.

Fiske i Markane.
Fjord og havfiske.

Frøysjøen og Bremangerpollen har mange ulike fiskeslag å by på. Her får du mellom anna: torsk, sei, lyr, brosme, lange, kveite, flyndre, steinbit, breiflabb, makrell m.m. Du kan fiske på grunt vatn mellom holmar og skjer i Oldersundet med eigen båt, eller vere med "Gamle Opstad" på havfisketurar. Dette er ein aktivitet som kan føregå heile året, der mengda av fiskesortar varierar frå årstid til årstid. Størstedelen av turistane våre er tyske turistar der favorittaktiviteten er fiske. Djupfrysar til ferdige filear er alltid tilgjengeleg.
Gamle Opstad.


Ferskvassfiske.

På Frøya er der mange vatn. I fleire av desse vatna er der ørret. For dei som gjerne vil kombinere fiske og naturopplevingar i fjellet er ferskvassfiske å anbefale. Ikkje fiskekort.